lørdag 11. februar 2012

Når flinke mennesker skriver poesi om deg

Eg lever eigentleg berre fordi eg ikkje har noko anna å finne på, seier ho.

For på eine sida er livet som vandrande bohèm; vin i forstore glas, og eit liv fyld i sanningar som ligg mellom linjene på gamle, inntørka post-it lappar.

Medan på den andre ligg eit liv med tradisjonell skulegong, og individa som druknar i meiningslause ord om at utan utdanninga er du ingenting.

Eg finn henne på midten; med auge som virrar frå side til side, og hender som forgjeves prøvar å halde om alt som gjer henne til henne, og vona om at Tellus vil rette seg oppatt i hennar favør.



-- Astrid

2 kommentarer: