onsdag 24. april 2013

Årets TrafoTalent 2012

Det var dette dere gikk glipp av, dere som ikke var på Litteraturhuset fredag den 12. april:


(Foto: Mathilde Pettersen for Trafo.no.)

Kortteksten min "Alfa Omega" nådde helt opp! Utrolig flaut, men veldig morsomt å ta imot blomster og lovord på Litteraturhuset foran stort publikum etter å ha inntatt et bedre måltid på statens regning.

Fun fact: Mette Karlsvik trudde at Vibeke var meg. Jeg veit ikke, hun så vel kanskje litt mer Nattfall ut, med brun kjole og svart cardigan.

Juryens begrunnelse:


Skal Årets talent - tittelen vere løn eller motvasjon? Er han ei kvilepute etter strabasiøse, kunstnariske krafttak, eller eit skot med ein startpistol ved ein startsstrek for dei som er kvalifisert til finalieløpet? Skulle vi gi prisen til den treffsikre lysfangaren eller den som jobbar i skumringa av kvelden og natta? Skal prisen løfte høgare den som allereie står i blitsregnet, eller skal han løfte maska frå ein halvt skjult kunstnar? 

Talentkonkurransa 2012 var eit jamnt løp mellom to Trafomedlem. Skulle juryen velje han som har brukt 2012 til å perfeksjonere eit håndtverk, han som i løpet av året har bevegd seg frå det meir designorienterte - mot eit meir poetisk uttrykk? Eller skulle vi velje poeten som har brukt 2012 til å opne verka sine for stadig fleire meiningar og mulegheiter? 

Juryen falt for ein kunstnar som syslar i det mørke rommet, det nede i kjellaren av huset ho vaks opp i, men som finn eit vindauge der, som ho opnar. Vi falt for ein person som begynner der, med det personlege, før ho tar inn den store verda i verket sitt. Vinnaren fangar gråtonar, skriv dei saman til tette stykke tekst. Kjenneteiknet til denne kunstnaren har ho alltid vore tru til: Ho koplar solsystem til atom, og får, mellom det minste og det største, plass til noko så konkret som å haike. Og no har de gjetta at vinnaren er Nattfall, som vann talentkonkurransen for juni med den nemnte kortteksten Alfa og omega. Hjemås falt for Kristine Oseth Gustavsens val av ein symolsterk rekvisitt - teleskopet. Zoominga ut og inn i perspektiv var ikkje berre tilstades i formen. Kristina O. Gustavsen gjorde der noko så prosaisk som å skrive grepet sitt ut i klårtekst: "endelig; det store i det små." Avslutningen punkterte på mange måtar denne teksten for oss. Men så skulle han vise seg å vere byrjinga på ei utvekling. Sidan juni har Gustavsen utvekla seg. Tekstane ho skreiv tidlegare var oftare i infitt form av perfektum partisipp: Om korleis alt kunne ha vore. I dei siste tekstane har ho valt meir aktive formar av verbet. Tiltaleformene har vore meir direkte. Det er mindre dis mellom avsendar og mottakar. Bodskapen blir ikkje meir styrd av den grunnen. Tvert om. Tekstar blir stadig mindre filtrert gjennom avsendaren. Dei framstår meir klår. Og meir opne. 

De innerste detaljene frå august er eit dikt til eit du: Ein tradisjonell tiltaleform i poesien. Men også med ei moderne og ny vridning som opnar det, frigjer det frå tradisjonen: 

Sånn som da du fikk glassmaling til bursdagen din: rommet ditt var innsida av en grønn og lilla konkylie. (…) Den natta gikk vi til brua og døste i regnet, en konsert i bakgrunnen, et industribygg like ved. Og jeg sa: "skal vi bade?" og så gjorde vi det ikke, men vi delte en sigarett; tente den med fyrstikker og holdt rundt hverandre. 

Den direkte tiltaleforma blir tatt heilt ut i Prosess frå oktober: Hva gjør kirurgene med amputerte kroppsdeler?

Det heiter seg at ein skal gjere ei endring om gongen. Kristine Oseth Gustavsens forfattarskap følgjer kanskje denne regelen. Ho har holdt på dei store linene. Kortprosaforma held ho på. Ho blir betre og betre innanfor desse linene. 

Som det ser ut for juryen, har Gustavsen hatt godt av å bli heidra som Månadens talent for juni. Ho har ikkje brent seg på sola, men vokst og blomstra av den vesle stunda i lyset. 

Nattfall ramlar ikkje. "Men ho har eit stykke att", sa vi, og tenkte mellom anna på bloggetekstsjuka; tendensen som ein del unge, lovande forfattarar har i dag til å skrive personleg og raust, blomstrande og erkjennande, men kanskje for fort, hoppande forbi filtre - som kan stramme tekst opp, passe på at dei er med - elementa som drar i lag - drar teksten så langt som han kan komme. For det er ikkje som ein har sagt, syntest vi, at ein kan nemne Nattfall i same andedrag som Tor Ulven. Til det er ho framleis for lite sjølvkritisk og litt for lite kresen. Men det er ei tid for alt; det er ei tid for å vere i natta og i draumen, i den delen av skrivearbeidet som handlar om å få det ut, som ut skal komme. Vi trur at Nattfall er der no, og synest at ho skal få ei oppmuntring til å halde fram med det. Det kan komme ei tid for siste rydding. Det kjem til å komme ei tid for ein redaksjonell runde, trur vi. Vi trur på Nattfall, og ser ikkje bort frå at ein forlagsredaktør fell for henne, og tar tekstane heilt ut, og heilt opp lyset av allmenta.

For juryen, som har vore Hågen Rørmark, Karén Nikgol og Mette Karlsvik

- Mette Karlsvik


Les hele saken her.

4 kommentarer:

  1. Gratulerer så mye, virkelig velfortjent! Syntes det var en utrolig fin og velskrevet tekst. Traff meg ekstra godt da siden jeg har en stor fascinasjon for både astronomi og det molekylære (obv siden jeg studerer molekylærbiologi hehe). Utrolig gøy å se at du har kommet så langt!

    SvarSlett
  2. Gratulerer i massevis! Utrolig flott tekst =D

    Og noen ganger blir jeg litt misunnelig på deg siden du får tekster publisert og vinner skrivestipend og generelt hele tiden får bekreftelser på at du er virkelig talentfull og jeg så gjerne vil lykkes jeg og. Men du fortjener det og vit at mesteparten av tiden ser jeg mer på deg som en å beundre for du viser at det går an. Du viser at om man jobber med skrivingen så kan man få til ting. For du har talent, men du skriver også masse og gjør alt for å utvikle deg og det fine er jo at man aldri er ferdig utlært. Det gjør skriving og kreative ting til det flotteste å drive med av alt =D

    SvarSlett
  3. Gratulerer så masse med så mange gode bekreftelser :)

    SvarSlett
  4. Takk og takk!

    Og bare så du veit det, Karoline, så er jeg sannsynligvis minst like misunnelig på deg. Du er alltid så motivert og klarer å skrive noen ganger bare litt, men stort sett ganske mye, hver eneste dag, og i tillegg finner du tid til å lese beundringsverdig mange bøker i løpet av en måned. For ikke å glemme at du er en av de mest positive og optimistiske menneskene jeg kjenner, og at det kvaliteter jeg skulle gjort mye for å ha :)

    SvarSlett