mandag 28. oktober 2013

Eit magisk minne ulikt noko anna

Hei og hopp. I dag er det nøyaktig en måned til jeg skal se Sigur Rós i Spektrum, og i den anledning har jeg en overraskelse på lager, som kanskje egentlig ikke er spennende i det hele tatt. Dere skjønner at jeg har sett dem live en gang før, i 2005, og det skreiv jeg om på nynorsktentamenen min samme året. Og okei folkens, dette er tiende klasse, det er massevis av nynorsk/bokmål-blandinger og språket er delvis prega av klisjeer og delvis prega av kanskje i overkant oppfinnsomme sammenligninger og metaforer. Men den er skrevet med hjertet, okei? Syns uansett det er for lite kjærlighetserklæringer til Sigur Rós der ute.

(Og forresten: tusen takk for alle de fine tilbakemeldingene på det forrige innlegget mitt.)


---




Enkelte ting ein opplever festar seg betre til minnet enn andre. Personleg vil datoen 2. november 2005 alltid sitje som tatovert til hjernen min. 

Det var rart når Dagen med stor D endeleg kom. Eg hadde venta i noe som minna mistenkjeleg mykje om ei evigheit då eg vakna og kunne lese på kalenderen at no, no var dagen kome. 

Eg kan tenkje meg at eg vandra rundt som ein zombie på skulen den dagen. Timane fekk eg vel ikkje med meg noen ting av, eg satt berre der som ein levande daud og kunne ikkje få inn mellom øyra at i dag skulle det skje. 

Då eg var heime igjen, må eg ha gått som i ein døs. Eg kan i alle fall ikkje hugse noe i det heile tatt frå akkurat då. 

Då eg hadde sett meg inn i bilen og var på veg inn til Oslo, sa eg ikkje eit einaste ord. Eg var fullstendig taus. Eg berre tenkte. Eg kunne enno ikkje tru det.

I det augeblikket eg sette foten ut or bilen og ned på asfalten utanfor den store konserthallen, byrja det å gå så smått opp for meg at dette faktisk hende på ordentleg. Dette var ikkje ein draum, det var røynda. Hadde eg klypt meg sjølv i armen då, hadde eg følt smerte.

Føtene mine gjekk med raske skritt inn i bygningen. Eg kjende meg nesten dopa. Altså, ikkje det at eg faktisk har vore dopa før og veit kva eg pratar om, men la meg seie det sånn at viss eg hadde brått vakna og stira opp i andleta på urolege sjukepleiarar og legar, hadde eg ikkje vore ein smule forundra. 

Idet eg gjekk inn i sjølve rommet det heile skulle gå for seg i, kan eg ikkje hjelpe for at eg kjende meg temmeleg gira. Den omtrent robotaktige veremåten min hadde no blitt bytt vekk til føremon for ein ekstatisk glede som sakte breidde seg utover i kroppen min. 

Noen minutt seinare (eller kanskje det var timar? Eg hadde ikkje noe særleg omgrep om tid akkurat då) blei ljosa dimma ut, og oppvermingsbandet kom på scena.

Dei spelte utruleg fin musikk. Eg naut kvart sekund av det. Likevel, mot slutten, byrja eg så vidt det var å bli litt utolmodig. 

Etter at dei hadde hugteke publikum i om lag ein halvtime, kom ljosa på igjen, og det var pause før det skulle brake laus for alvor. Eg blei der eg var, eg. Om eg hadde ynskt det, hadde eg ikkje gått ut or hallen. Forventinga hadde nagla meg til golvet, eg berre venta.

Igjen mista eg omgrepet om tid, og eg aner ikkje den dag i dag om eg venta i minutt eller timar før ljosa igjen gikk ut, og vi blei ståande att i mørkret. Hjartet mitt banka som ein hyperaktiv tiger med ribbeina mine til bur så han ikkje skulle hoppe ut or kroppen min. Adrenalinet dunka som ei løpsk bongotromme, og blodet bruste verre enn Angel Falls der eg stod, og hadde du sett meg då, hadde du vel ikkje sett skilnad på meg og ein høgspentline. 

I det fjerne byrja svake ljodar å liste seg på tå inn i øyregongen min. Enno var scena heilt mørk, og sjølv om det var minst tusen andre i rommet samstundes, føltes det ut som om det berre var eg og musikken. 

Dei vene tonane frå ein synthesizer og frå blåsarar bygde seg opp, og eg lukka auga mine. Dette var så fullendt vakkert, rett og slett. 

Etter om lag to minutt var introen ferdig, og den glei over i den fyrste songen.

Frå det augeblikket eg høyrde den fyrste tona frå bassgitaren, kjende eg at dette var lukke. Du tenkjer nok no at det berre er ein vonlaus klisjé, men eg greier ikkje å skildre det annleis. Hjartet mitt dundra i veg i hundre kilometer i timen, og då ljoset falt på dei fire musikarane på scena, gjekk det opp for meg at det faktisk var menneske av kjøtt og blod som hadde laga denne ufatteleg vakre musikken, og ikkje englar. Det gjekk også opp for meg at dette ikkje var eit urettferdig livaktig fata morgana av noe slag, men dette var ein vaskeekte konsert med Sigur Rós.

Eg stod heilt stille utan å røre ein muskel. Eg berre glodde med open munn på scena og kjende korleis musikken kjærteikna øyra mine. Dette var kva som kan kallest balsam for sjela. 

Det var som å vere med på ein heilt utruleg reise til dei mest forunderlege stader. Noen gongar opphalde eg meg i allheimen med stjerner roterande om meg. Andre gongar var eg under havet og sumde med delfinar og havskjelpadder. Andre gongar igjen svevde eg over fjelltoppane i Himalaya, mens enno andre gongar sprang eg over eviggrøne enger med fargesterke blomar og våryre sumarfuglar. Eg var i symbiose med musikken, og eg braut meg gjennom han som eit cruiseskip bryt seg gjennom vassoverflata. Det var som å ha sola i andletet, ete is på 17. mai, liggje og dagdrøyme i graset i sumarferien, kjæle med ei katte som er like glad i deg som det du er i ho og vinne i lotto på ein gong. No levde eg.

Etter ei stund, då eg hadde vendt meg til kor sinnssjukt fantastisk musikken var og eg ikkje gapa som ein gullfisk lenger, stod eg og smilte. Ikkje det at eg ofra dei andre så mykje som eit kjapt blikk, men eg kan tenkje meg at dei så med interesserte auge på scena, mens eg berre stod der med eit skeivt smil og rista på hovudet. Eg kunne ikkje heilt fatte at dette verkeleg hende meg, samstundes kunne eg fatte det med heile meg på ein måte eg aldri før hadde fatta noe som helst på noen gong. Eg følte meg i eitt med musikken på eit nytt vis, dette kunne i det heile ikkje samanliknast med å høyre på musikken heime i stova på ein cd-spelar. 

Den behagelege stemmen til vokalist Jón Þór Birgisson fylte opp heile meg innvendig. Stemmen hadde fleire nyansar enn fargeskalaen som fins i regnbogen. Han veksla mellom å vere sår og trist og lukkeleg og glad. Aller mest var han berre akkurat så vakker som eg ville ha han.

Musikken var ein del av meg. Dei harde slaga mot basstromma var pulsslaga mine, synthesizeren var pusten min og stryka med cellobogen mot el-gitaren var nervesystemet mitt. 

Då den aller siste songen var ferdigspelt, ljosa var komne på, musikarane forsvunne frå scena og folk byrja å strøyme mot utgangen, stod eg att med ein underleg kjensle. Ein del av meg var trist fordi konserten var ferdig og eg aldri meir ville oppleve det same igjen, men ein annan del av meg var fylt med ei merkeleg ro. Det var som om alt hang saman no, alt hadde ei meining. Musikk var dessutan ikkje berre musikk lenger no, men eg hadde erfart at det kunne vere så mykje, mykje meir enn det. Med dei rette menneska til å lage han, kunne musikk bli ei oppleving for alle sansar, noe du kan kjenne i blodet, noe du kunne leve deg inn i og vere ein del av. Eg er uendeleg glad for at Sigur Rós viste meg at musikk ikkje nødvendigvis er tilfeldig samansette ljodar, og seier som vokalisten gjorde etter at den mest vedunderlege hendinga eg noen gong har vore med på: ”Takk”.

2 kommentarer:

  1. du er bittelitt for kritisk til deg selv, vet du det? innholdet i det du skriver er veldig, veldig bra!

    SvarSlett
  2. Tusen takk for det, Anna! Men jeg har skrevet ting som er veldig mye bedre enn nynorsktentamen i tiende klasse :p

    SvarSlett